Vil du sponse oss?
Fjell Brass jobbar for eit aktivt og levande lokalmiljø med fokus på talentutvikling, meistring og speleglede. For å kunne oppretthalde og vidareutvikle det musikalske nivået vi har i dag er vi avhengig av velvilje og samarbeid med det lokale næringslivet.

Som sponsor kan di bedrift vere med å støtte opp om lokal kulturformidling av høg kvalitet og eit aktivt musikalsk miljø som fremjer folkehelse og styrker samarbeid, meistring, tilhøyrsel og identitet.

Det å spele eit instrument fremjar kognitive evner, og Norges Musikkorps Forbund vart i 2024 tildelt Mensa Norges pris for sitt arbeid. I korpset lærer ein seg å samarbeide på tvers av alder, kjønn og sosial status. Ergo: Korps byggjer gode samfunnsborgarar - og potensielt gode tilsette i di bedrift! 

Som sponsor vil di bedrift vere synleg gjennom ei rekke kanalar:
  • På konsertplakatane våre
  • I konsertannonsar og program
  • Profilering i sosiale medier og på fjellbrass.no
I tillegg stiller vi sjølvsagt også opp på speleoppdrag om det er ynskjeleg.

Er di bedrift interessert i å støtte Fjell Brass? Ta kontakt med leiar Toril på tlf. 47 24 05 14 eller e-post leder@fjellbrass.no for ein uforpliktande prat.
Søk
Driftes av Styreportalen AS