Dirigentar
Fast dirigent for Fjell Brass er Paul Fensom og dirigent til NM er Joe Cook.
Paul Fensom
FAST DIRIGENTPaul Fensom er fødd og oppvaksen i London og byrja si musikalske karriere som kornettist i Frelsesarméens Chalk Farm Band då han var seks år gammal. Seinare gjekk han over til trombone og tenestegjorde i The Band Of Her Majesty’s Life Guards (det engelske kavaleriet), der han fekk den unike opplevinga av å spele trombone og ri på hest samstundes.
Etter at han forlet Garden jobba Paul som profesjonell musikar i Londons West End i fleire år, før han blei rektor for Brent Music Service (kulturskule), der han hadde ansvar for musikkopplæringa til rundt 65 000 born og unge i bydelen Brent i nordvest-London. Paul dirigerte Fjell Brass til NM i 2016 og 2017 og likte seg så godt i Noreg at han like godt flytta til Bergen då han pensjonerte seg. Han tek ulike oppdrag som dirigent og arrangør og dirigerer også «Gråblåsarane» i tillegg til Fjell Brass.
Brassband har alltid lege Pauls hjarta nærast, og i 2004 fekk han tildelt Mortimer-medaljen for sitt bidrag til messingundervisning for born og unge i Storbritannia. Paul er ein dyktig pedagog med lang erfaring og har bygd opp fleire korps frå grunnen av - bl.a. Regent Brass, som i dag er eit toppkorps frå London.

Joe Cook
NM-DIRIGENTJoseph William Cook er frå Durham i England, og starta si karriere som tubaist i The Boldon Colliery Brass Band. Etter det gjekk vegen vidare til Ever Ready Band, før han byrja i Black Dyke Band i 1999. Han var med i Black Dyke i 14 år, der han også var solotubaist, og det vart mellom anna meir enn 600 konsertar, 20 utenlandsturnéar, og ei lang rekkje plate-innspelingar før han gav seg der i 2013. Våren 2015 flytta han til Noreg og vart solotubaist i Manger Musikklag.
Joe har studert både musikk og ingeniørfag ved Universitetet i Leeds, og jobbar i dag som matte- og fysikklærar ved Bergen internasjonale skule. Han har også lang erfaring som tubalærar og har undervist ved Newcastle University, Yorkshire Youth Brass Band og The International Brass Band Summer School, i tillegg til å vere mykje brukt som dommar ved ulike høve.
Joe dirigerte Fjell Brass til siger i 3. divisjon i NM brass 2018 og frå hausten 2018 til våren 2022 var han fast dirigent i korpset. Til NM 2023 var Joe prosjektdirigent og korpset fekk ein fin 2. plass i 2. divisjon, noko som kvalifiserte til opprykk til 1. divisjon.